Quantcast
Channel: På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål » Junk Food
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

Fancy a hamburger?

0
0

Der er mange historier om kvar hamburgeren kjem frå. Ein er likevel rimeleg sikker på at den kjem frå Hamburg og at den deretter er vidareutvikla i USA. Hamburgeren fekk sitt store gjennombrot på verdsutstillinga i St. Louis i 1904. 

Å lage hamburger sjølv er eigentleg enkelt. Du treng få ingrediensar og det krevst minimalt med arbeid. I grunnoppskrifta er kjøt, salt og pepar det einaste du treng. Så kan du sjølvsagt tilsette både det eine og det andre for å få dei smakane du vil. I dag deler eg ei hamburgeroppskrift frå det som har vorte sommarens favorittbok; «Junk Food» (av Liselotte Forslin). 

hamburger

 

Cheeseburger med BBQ-saus (fire store burgerar)

Til denne oppskrifta treng du BBQ-saus. Oppskrifta på den finn du her. Du kan sjølvsagt lage den utan, då blir det ein litt annan smak. 

800 g grovmalt kjøt eller karbonadedeig

1 ts salt

1 ts nykverna pepar

1 dl Holy Smoke BBQ-saus (lag sjølv etter denne oppskrifta eller kjøp ferdig saus)

4 tjukke skiver ost (gjerne vellagra Jarlsberg)

smør eller olje til steiking

Bland kjøtdeigen med salt og pepar. Du kan velge om du vil ha BBQ-sausen i sjølve deigen eller om du berre vil pensle burgerane mot slutten av steikjetida. 

Form deigen til fire fine hamburgerar. Grill eller steik dei i middels varme, ca 5-6 minutt på kvar side. Dersom du ikkje hadde BBQ-sausen i deigen, så penslar du hamburgerane med sausen mot slutten av steikjetida. 

Legg på osteskivene og la hamburgerane bli liggande i steikjepanna eller ytterst på grillrista til du er klar med alt tilbehøret. 

(oppskrifta held fram under biletet)

hamburger1

 

Kva tilbehør treng du til burgeren?

Det fine med hamburgerar er at du kan ha på akkurat det du likar best. Og så kan du sjølvsagt bake dine eigne hamburgerbrød. Her er ei liste over tilbehør som passar til:

  • Heimelaga hamburgerbrød, oppskrift finn du her
  • Coleslaw, oppskrift finn du her
  • Holy Smoke BBQ-saus, oppskrift finn du her
  • Sprøsteikt bacon
  • Tomat, agurk og raud løk
  • Hamburgerdressing
  • Salatblad
  • French fries
  • Ketchup

hamburger2

 

Denne hamburgeren laga eg då eg kom heim frå eit freelanceoppdrag for lokalavisa laurdagskvelden. Eg var svolten og hadde lyst på noko godt å ete. Det tok meg ti minutt får eg opna pakken med karbonadedeig til den låg på tallerkenen! Så sette eg meg ende ned på terrassen og såg sola gå ned bak fjella. Jammen er det kjekt med mat som er så enkel å lage og som smakar så godt! 

I morgon kjem det anbefaling av boka «Junk Food» som eg har lagt min elsk på i sommar. Om du vil lese meir om boka finn du den på haugenbok.no. Klikk her for å kome rett til boka. 

The post Fancy a hamburger? appeared first on På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

Latest Images

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Vimeo 10.6.2 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.2 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.0 by Vimeo.com, Inc.

Re:

Re:





Latest Images

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.0 by Vimeo.com, Inc.

Re:

Re:

Re:

Re: